Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Erik Fløystad gir seg som fylkesleiar

Går av som leiar i Aust-Agder Bondelag.

Erik Fløystad har leia Aust-Agder Bondelag sidan 2010. Han er både oppegåande og meir talefør enn dei fleste, skriv Aust-Agder Bondelag. (Arkivfoto)

Erik Fløystad har vore leiar i Aust-Agder Bondelag sidan 2010. Det er ein uhyre kunnskapsrik og omtykt fylkesleiar som no takkar for seg, skriv Aust-Agder Bondelag.

Det er leiaren i valnemnda, Åse Ingebjørg Flateland, som no får det formelle ansvaret for å finne ein ny fylkesleiar.

Les meir: Vær bevisst på plastkvaliteten

Aust-Agder Bondelag skipar til årsmøte, i Kristiansand, den 20. mars.

Annonse

«Me kjem attende med ei kraftfull og innhaldsrik oppsummering av Erik Fløystad si teneste for Bondelaget, ved eit seinare høve. Guten er framleis vaken. Guten er framleis oppegåande. Framleis meir talefør enn dei fleste – og framleis bankar hjarta for den norske bondestanden», skriv Aust-Agder Bondelag og legg til:

«Me vonar – og me trur at han brått kjem attende».

Neste artikkel

Skuffa over regjeringa