Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Enige om 11 nye tiltak for å motvirke tørke og avlingssvikt

Dette blei jordbruket og Staten samde om i dagens møte

I dag har jordbruksorganisasjonane og landbruks- og matminister Jon Georg Dale blitt samde om fleire nye tiltak, som Landbruks- og matdepartementet nå vil setje i verk. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

– Store mengder regn er det einaste som kan få planteveksten i gang att, men nå er vi allereie så langt komne i vekstsesongen at det det uansett vil bli store avlingstap, slår landbruks- og matminister Jon Georg Dale fast.

Etter dagens møte med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil Landbruks- og matdepartementet setje i verk følgjande tiltak:

1. Forskotsutbetalinga for avlingsskade kan aukast frå 50 til 70 prosent.

2. Prioritere rask handsaming av søknader om avlingsskadeerstatning. Bøndene blir oppmoda om å sende søknad om avlingsskadeerstatning så snart skadeomfang og dokumentasjon ligg føre.

3. Dispensasjon frå kravet om fôropptak på beite. Dette vil gi høve til tilleggsfôring på beite samstundes som bonden kan motta beitetilskott.

4. Midlertidige kontrollstader for innførsel av fôr. Landbruks- og matdepartementet vil sende brev til ESA og informere om at det blir planlagt å etablere midlertidige kontrollstader (hamner) for import av høy/halm frå tredjeland. Dette for å gi høve til innførsel over andre hamner enn dei to ESA-godkjente kontrollstasjonane i Oslo og Borg hamn. Dei materielle krava til trygt fôr vil gjelde.

Annonse

5. Nasjonalt regelverk for fôrimport. Mattilsynet vil prioritere tilsyn med innførsel av fôr og omsetnad av dette. Krav for import av høy og halm frå land utanfor EØS vil bli vurdert nærare.

6. Auka bruk av halm til fôr. Landbruks- og matdepartementet vil saman med jordbruksorganisasjonane oppmode næringa om å ta vare på mest mogleg halm, for å avhjelpe fôrsituasjonen.

7. Bruk av matkorn som såkorn. Mattilsynet vil handsame søknad om å bruke matkorn som såkorn for sesongen 2019.

8. Det vil bli gitt dispensasjon til å behalde tilskott til økologisk grønngjødslingsareal sjølv om arealet blir brukt til fôr eller beite.

9. Det vil bli gitt dispensasjon til å hauste areal med fangvekstar og samstundes oppretthalde tilskott til fangvekstar over Regionalt Miljøprogram.

10. Vurdere behov for større lager av såkorn. Departementet vil be Omsetningsrådet om å vurdere behovet for at Felleskjøpet (markedsregulator) byggjer opp større såkornlager.

11. Administrativ gjennomgang av avlingsskadeordninga. Departementet vil saman med jordbruksorganisasjonane greie ut korleis avlingsskadeordninga dekkjer framtidige behov.

Neste artikkel

Luter halmen i fullfôrvogna