Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den viktige myra

Myr er den naturtypen på landjorda som lagrar mest karbon. Karbon tilsvarande 250 000 tonn CO₂ kan vere lagra i torva på berre ein kvadratkilometer myr.

Ved oppdyrking og drenering stopper akkumulering av karbon opp og nedbrytinga av det organiske materialet startar. Det gir utslepp av CO₂ og lystgass, N2O, ein sterk klimagass med et oppvarmingspotensial om er 298 gangar større enn CO₂ (Meld. St. 11 – Endring og utvikling).

Myrene har fleire viktige funksjonar, både som «svampar» – dei samlar opp nedbør, reinseanlegg og som beite- og hekkeplassar for fuglar og dyr.

Drenering av myr til nydyrking har redusert det totale arealet av intakt myr i Norge. I følgje statistikk for arealtilskot, utgjer dyrka myr i dag ca. seks prosent av jordbruksarealet, tilsvarande 0,6 millionar dekar. Ein del oppdyrka myr har gått ut av produksjon dei siste 15–20 åra. Desse myrane bør restaurerast.

Restaurering av myr er blant dei klimatiltaka innanfor landbruket som har størst potensial for reduksjonar i utsleppa. Tiltak på riktige lokalitetar kan føre til netto karbonlagring.

Annonse

Restriksjonar mot nydyrking av myr vil i liten grad avgrense moglegheitene for auka matproduksjon i Norge, konkluderer Nibio i ein rapport. Men ikkje alle kommunar har tilstrekkelege areal for å sikre vekst, dersom myr ikkje vert tatt i bruk.

Nydyrkinga må gå føre seg der det er naturlege føresetnader, og ein må unngå nydyrking av myr dersom det er mogleg. I tillegg blir det viktig å utnytte eksisterande jordbruksareal best mogleg.

Mykje av den jorda ein kjøper på hagesenter består av torv som er graven ut frå myrar. Det gir store klimagassutslipp. Ei enkelt myr, som Jødalsmåsan på Romerike som det er planar om å grave opp for å ta ut torv til hagejord, held på enorme mengder med karbon.

Dette må det bli ein slutt på. Hagesenter og byggevarekjeder må tilby oss jord som ikkje øydelegg myrane og påverkar klimaet.

Neste artikkel

Ekstremvær krever økonomisk beredskap