Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mykje meir myr i Norge enn antatt

8,9 prosent av arealet vårt er myr.

Myr: Smøla er et av de mange stedene med myr i Norge. (Illustrasjonsfoto: Lars Olav Haug)

Nibio har kartlagt vegetasjonen i Norge.

Ved å undersøke eit representativt utval flater frå heile landet, har dei no nye tal for kva slags vegetasjon som finst i Noreg, kor i landet han er, og kor mykje vi har.

Dermed oppdaga dei at vi har mykje meir myr enn vi har trudd.

Myrarealet i Noreg er ifølge dei nye tala 8,9 prosent, ikkje 5,8 prosent, slik dagens kartdata viser.

10 000 kvadratkilometer ekstra

– Når det viser seg at myrarealet er mykje høgare enn ein har lagt til grunn fram til no, får det konsekvensar mellom anna for utrekninga av kor mykje karbon som er lagra i myr, fortel Anders Bryn på Nibio si heimeside.

Han er forskar ved Nibio og førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, UiO.

Annonse

Ifølge den nye statistikken er det totale myrarealet heile 28 800 kvadratkilometer.

Det er 10 000 kvadratkilometer meir myr i Noreg enn det dei vanlege karta viser.

Konsekvenser

Nibio skriv at dei nye faktaa spelar inn på mellom anna:

* utrekningar av kor mykje karbon som er lagra i myr

* kvar beitekapasiteten i utmarka er

* kor god flaumdempinga kan vere ved auka nedbørsmengder

* vurdering av kor vanleg eller uvanleg ulike vegetasjonstypar er i landet.

Neste artikkel

Mener myrforslag er dårlig utredet