Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Genbanken sikrar framtidas påskekyllingar

For Norsk genressurssenter er det viktig å ta vare på gener frå gårsdagens burhøns som no er dagens hobbyhøns. Også for dei kommersielle hønserasane kan desse genene ha verdi.

Frå klekking på Hvam, daggamle kyllingar. Foto: Norsk genressurssenter.

Ifølgje Bibelen fylte Noa båten med dyr av alle slag for å sikre at verda kunne gå vidare etter den store flaumen. Behovet for mangfald er ikkje blitt mindre med åra.

Moderne jordbruk har ei slagside som heiter monokultur – det einsidige. Dagens matproduksjon og avl utnyttar maksimalt dei dyra og plantane som yter mest og best under vilkåra som gjeld.

Slik blir jordbruket svært spissa. Gamle slag blir stadig avløyst av nye og meir effektive krysningar. Kva skjer så med dei gamle? Nokre av dei gamle verpehønsrasane har gått inn som levande kapital i Genbanken for verpehøns, skal vi sjå.

I dei seinare åra har mykje endra seg i favør av merksemd på mangfald. Storskala insektdød har gått hand i hand med auka bevisstheit, internasjonale avtalar og nasjonale regelverk for naturmangfald. Mangfald innan og mellom artar er nødvendig.

Kolonne 1 og nedover: Brun Italienar høne og hane, Jærhane, Jærhøne, Nor-Brid 1, høne og hane. Kolonne 2: Red Rhode Island hane, Roko-paring på naturleg måte, Nor- Brid 8 høne og hane. Kolonne 3: Nor-Brid 7 høne, Svart Minorka hane, Nor-Brid 7 hane. Collage sett saman av Karl Sæther.

Kjerringa mot straumen

- Da vi tok fatt på genetiske bevaringsarbeidet på slutten av 1980-talet var eg kjerringa mot straumen, seier Nina Sæther. Ho er leiar for Norsk genressurssenter og brenn for å bevara genetisk mangfald i landbruket.

På den tida var det langt frå opplagt at husdyrrasar og plantesortar mange meinte var utgått på dato, kunne ha verdi i framtida. For enkelte rasar var det berre eit titals dyr igjen.

Sæther fortel om den bevaringsverdige norske kurasen østlandsk raudkolle som var nær utrydda. Takka vere ei eldsjel av ein bonde som heldt fast ved bruk av rasen, er han no i positiv vekst.

- På den eine sida er dette ei glad-historie. På den andre sida fortel eksemplet med raudkolla om kor skjør balansen kan vere i grensa mellom ‘utdøydd’ og ‘få individ igjen,’ seier Sæther.

- Å ha tilgang til både genetisk og biologisk mangfald er avgjerande for all mat- og landbruksproduksjon. Dessutan er mangfaldet ein viktig del av vår kulturarv.

Mette Nafstad Bjerkestrand, leiar for Genbanken for verpehøns. Her med ein Jærhane. Nokre veker før påske gav denne stolte hanen frå seg edle dråpar av sæd som blei frose ned for sikring og seinare bruk. Kyllingar frå hans arv kan sjå dagens lys til neste år – eller seinare. Foto: Norsk genressurssenter.

Populære og friske hobbyhøns

Ved Hvam vidaregåande skule held ein i hevd tolv eldre hønserasar. Skulen på Nes i Akershus har vore genbank for norske verpehøns sidan 1974.

I tillegg til ulike versjonar av den eldre norske produksjonshøna NorBrid, er også den norske jærhøna og utvalde rasehøns tatt vare på. Alle er dei populære hos hobbyfjørfefolk. I hobbymiljøet er genbanken kjent for å levere rasereine og sjukdomsfrie kyllingar.

- Daggamle kyllingar reiser med fly til kundar over heile landet. Rundt 3 000 kyllingar blir årleg selde til dei mange som ønskjer å stå for eggproduksjon til eige bruk, fortel Sæther.

Verdien av moglege gløymde gener og sjukdomsfrie kyllingar lar seg vanskeleg verdsette i kroner og øre. Ifølgje genressursleiaren er dette unike genmaterialet ein del av vår nasjonale matberedskap. Eit stort ansvar å forvalte, med andre ord.

GENBANKENS SAMFUNNSOPPDRAG OG INNHALD

Genbanken for verpehøns si oppgåve har endra seg dei 44 årene han har eksistert. Genbanken blei etablert av Norsk Fjørfeavlslag for å sikre aktivt avlsmateriale og levering av dyr til forsøksformål. I tillegg vart det seld litt rugeegg og livdyr til hobbyfjørfemiljøet.

I dag sikrar framleis Genbanken det gamle avlsmaterialet til Norsk Fjørfeavlslag, men sal av dyr til forsøksformål er avslutta. Livdyrsalet til hobbyfjørfemiljøet er derimot stort, og ei viktig inntektskjelde. Genbanken er anerkjent både av Mattilsynet og i fjørfemarknaden for sal av sjukdomsfrie dyr.

Genbanken for verpehøns har i dag plass til ca. 3 500 dyr fordelt på drøyt 500 miljøbur. Kvart bur har plass til ca. 5 høner og ein hane, avhengig av kor stor rasen er.

Det er tolv linjer, eller rasar, i hønsehuset på Hvam i dag:

Fem gamle produksjonslinjer

Kvite egg: Nor-Brid 1 / Nor-Brid 4 / Rokohøns 1 «hvit italiener»

Brune egg: Nor-Brid 7 / Nor-Brid 8

Seks verpehønsraser

Jærhøns / tverrstripa plymouth rock / red rhode island / brun italiener / sort minorka / lys sussex ogIslandshøns

Verdsleiande i fôreffektivitet

I løpet av det siste året er det etablert ein elektronisk slektsdatabase for dei bevaringsverdige norske produksjonshønene på Hvam. Dokumentasjonsarbeidet er gjennomført som ledd i ein ti-årig strategiplan for genbanken for verpehøns.

- Genbanken består av levande dyr som er haldne under eit strengt slektskaps- og helseregime. Strengt må det vere for å redusere risiko for at innavl eller sjukdommer skal slå ut desse verdfulle stammene av gamle, norske verpehøns, forklarer Nina Sæther.

NorBrid-hønene var på 1990-talet verdsleiande i fôreffektivitet. Likevel vart dei utkonkurrert av internasjonale rasar som la fleire egg per høne. Sæther kommenterer:

- I dagens diskusjonar om eit meir klimasmart landbruk, er evnen til å gjere seg best mogleg nytte av fôret ein viktig eigenskap for redusert klimagassutslepp.

- Kanskje var ikkje dei gamle norske hønene så utdaterte likevel, humrar ho.

Annonse

Potensial å forske på

Høner til hobbybruk er likevel berre ein naturleg følgje av det genbanken eigentleg handlar om: Nemleg å ta vare på arvematerialet til gamle norske verpehønsrasar. Eit nytt strategisk satsings-område er å levere dyremateriale til forsking.

Å levere genetisk materiale til forsking er gjort mogleg gjennom det nyleg gjennomførte dokumentasjonsprosjektet og etableringa av slektskapsdatabasen Hønseregisteret. Gjennom desse to grunnleggande elementa, er plattforma lagt for at materialet frå Hvam-hønsene kan brukast i nye samanhengar, til dømes i forsking.

Verdfullt referansemateriale for næringa

Sæther får støtte frå bransje- og dyrehelsehald i synet på verdien av å bevara genetisk mangfald. Spesialrådgjevar Tone Beate Hansen i Helsetenesta for fjørfe i Animalia, seier det slik:

- Bevaringsarbeidet er av særleg stor betydning innan fjørfe der avlsrabeidet er så sentralisert globalt. Verdien av å ha tilgang til gener og høner frå rasar som er mindre utnytta kommersielt, kan bli svært stor, seier ho.

Til dømes kan dette vere verdfullt referansemateriale for å undersøke ulike dyrehelsetema ein står ovanfor innan kommersiell verpehønsproduksjon. Hansen nemner ‘kjølbeinsproblematikk’ som eit aktuelt tema ein ikkje veit nok om.

Svakheiter i brystbeinet, kjølbeinet, er eit dyrehelseproblem som treng oppfølging, og vil nok bli undersøkt meir systematisk i tida framover.

- Da kan det være interessant å samanlikne dei eldre verpehønsrasane med nyare, kommersielle hybridar for å få meir kunnskap, seier Animalia-rådgjevaren.

Hønsehus på Skarnes, Hedmark, med 7 500 frittgående høner i ‘aviar,’ eit fleiretasja system, svært vanleg i norsk eggproduksjon. Hønene kan utfalda seg fritt mellom etasjane som fyller ulike funksjonar. På golvet kan dei plukke i strø og ‘strøbade,’ eller bryne nebbet på hakkesteinar, sjå nedst i høgre hjørnet. I etasjane over finn dei mat og vatn, sit på vagl, eller legg egg. Dei sterkaste hønene vaglar seg øvst, på naturleg vis. Foto: Karianne F. Ingerø, NFL.

Ein studie i mangfald

Høner til hobbybruk er likevel berre ein naturleg følgje av det genbanken eigentleg handlar om: Nemleg å ta vare på arvematerialet til gamle norske verpehønsrasar.

Gjennom slektsdata- og dokumentasjonsarbeidet som er gjennomført på Genbanken det siste året, er det lagt eit kunnskapsgrunnlag for vidare bruk. Til dømes er det no utført ein studie av genetisk mangfald basert på dette materialet.

- Resultatet av å samanlikne DNA frå genbankhønene med andre rasar, mellom anna med Lohmann-høner som er ein av verdas mest utbreidde kommersielle rasar, kan tyde på at det norske genbankmaterialet er langt nok frå dei kommersielle linjene til å representere interessant genetisk variasjon for desse, kommenterer genressursleiar Sæther.

- Det norske genbankmaterialet kan og vere eit interessant utgangspunkt for aktørar som ønskjer å starte nye avlslinjer med andre avlsmål enn dei finn hos dei store internasjonale avlsselskapa.

Styrken til det norske genbanksmaterialet kan derfor vere at det ikkje er alt for langt unna dei kommersielle linjene samtidig som tilgangen til data om dyrematerialet på genbanken er open for alle. Det er vanlegvis ikkje tilfelle for informasjon frå dei kommersielle verksemdene.

Ifølgje strategimeldinga for Genbanken for verpehøns, er det spesielt forskingsmiljøet på NMBU som kan ha interesse av å bruke genbankmaterialet i forsking innan genetikk, til dømes for å undersøke rase-miljøsamspel, fôreffektivitet, eller biologiske effektar av kommersielt avlsarbeid på verpehøns.

I slike prosjekt vil verpehønsrasane på genbanken kunne vere interessante referansepopulasjonar fordi dei representerer nær forhistorie til dagens kommersielle verpehønslinjer.

PCA-plott, Principal Component Analysis, som illustrerer genetisk slektskap mellom 70 verpehønsrasar. Prosjektet er beskrive i Strategiplan for verpehøns 2018-2027. Dei gamle, norske verpehønsene plasserte seg stort sett i utkanten og eit stykke vekke frå dei andre hønserasane. Men dei hamna relativt nær Lohmann-hønene, nedst til høgre i kartet her.

Forsikring for framtida

Generelt snakkar Nina Sæther engasjert og overtydande om moderne foredlings- og produksjonsmetodar som har redusert genetisk variasjon kraftig:

- Uansett landbruksproduksjon, er det viktig at produsentar og forbrukarar har eit genetisk mangfald å hauste av i framtida når mat skal produserast under endra klima- og rammevilkår.

Variasjon og breidde har ein eigenverdi som er uavhengig av forretningsverdi.

- For vi veit ikkje kva utfordringar som møter oss i morgon, seier genressursleiaren.

Frå raseavl til hybridavl

Fjørfeavlen endra karakter etter at dei Mendelske arvelovene kom rundt 1900, og markerte innleiinga på ein ny praksis basert på moderne avlsteori. Raseavl, med avl innan kvar rase for seg, vart lagt vekk, og krysningsavl, eller hybridavl, vart tatt i bruk. Dei første til å ta i bruk krysningsavl var fjørfefarmarar i USA på 1930-talet.

Burhøna blir skapt. For å kunne registrere produksjonseigenskapane til dei ulike rasane, eller linjene, måtte dei haldast skilde frå kvarandre. For å få mest mogleg nøyaktige data og seleksjonsgrunnlag, trengte ein individuelle registreringar. Løysinga vart oppstalling av høner i bur. Begrepet burhøns var etablert. I dag har hønsene vaglar, sandbad og verpekassar i bura sine.

2+2=5, eller heterosis på avlsspråk. Ved så å krysse to flokkar med ulik genetikk vart avkomet meir robust og produserte betre enn foreldregenerasjonen. Innan avl kallar ein dette for krysnings-frodigheit, eller heterosis.

Fleire av dagens store avlsfirma for fjørfe vart etablert i mellomkrigstida, mellom anna Lohmann Tierzucht i Tyskland og Hy-line International i USA. Dei vidareutvikla og kommersialiserte hybridavlen.

Neste artikkel

Den viktige proteinjakta